|
I slutten av mai arrangerte Norsk Designråd konferansen “Innovation for all 2010” kring temaet inkluderande design. Talarane var mellom anna Michael Wolff og Dan Formosa, som begge hald fram viktigheita av å sette mennesket i fokus. Dei gjekk inn for å avskaffe begrepet inkluderande design, fordi "all design skal vera inkluderande!”. Vidare vart det framhalde at ein gjennom å designe for ekstrembrukarar, vil ein skape løysingar med større verdi også for den “vanlege brukar". Fjernkontrollen og einhands-blandebatteri var i utgangspunktet utvikla som hjelpemiddel for brukarar med spesielle behov. Ola Refsnes, ein av dei “kreative partnerane” under 24-hour challenge, poengterte makta i språket ved å be om at ein avskaffa begrepet "disabled" og erstatta det med "differently abled". Konklusjonen av workshopen må vera at bedrifter og designerar i endå større grad inkluderer ei brei brukargruppe - og at dette kan føre til nyskaping og forretningsmessig gevinst. Les meir om konferansen og sjå opptak av føredraga på www.norskdesign.no. |


